top of page
Søk

Illustrert folklore frå Telemark

Praktboka «Attende til røtene» er skrivne stubbar og teikna rotfantar frå Telemark»


Denne «coffeetable-boka» er meint å vera ein fest for auge og for tanke.


Det er biletkunstnaren Knut M. Nesse og amanuensis og folklorist Dag Aanderaa, begge frå Telemark, som her har skapt eit forteljingsverk som kan omvende sjølv den minst leselystne og den mest kunstskeptiske.


På Norge Rundt

Fortellingane har allereie fått merksemd i NRK. Fredag 24. februar var dei to bak boka gjester i det populære programmet «Norge Rundt».


FOLKLORE-ROT: Biletkunstnaren Knut M. Nesse har mange flotte illustrasjonar i boka «Attende til røtene»


Kort og saftig

Femti korte, saftige stubbar med like mange og like saftige teikningar som visuelt fylgje, utgjer eit underhaldande tverrsnitt av Telemarks folkloristiske stemme. Tekstane fordeler seg på segner, eventyr, svartebokoppskrifter, folkeviser og balladar med tilknyting til femti ulike stader i Telemark. Slike forteljingar inneheld ofte viktig og grunnleggjande tankegods som kan seie mykje om mentaliteten til folk. I boka har det vore viktig å få med innslag som syner kvinner som handlande hovudperson, med både styrke og lyster.


FORFATTAR, amanuensis og folklorist Dag Aanderaa kjem frå Telemark, og serverer skrivne stubbar i ei ny praktbok frå Kolofon Forlag.


Folkeminne-område

Når det gjeld folkeminne, er Telemark eit av Noregs mest interessante område. Her har Andreas Faye, Olea Crøger, M.B. Landstad, Moltke Moe, Rikard Berge og mange fleire samla og skrive ned eventyr, segner og folkeviser, og gjort Telemark til landets folkloristiske hovudområde.


Vi må ikkje gløyme at, historisk sett, har menneska heilt opp til vår tid levd brutale, skitne og korte liv - utan folkestyre, godt helsestell, skule for alle, elektrisitet og innlagt vatn. Ennå lever folk som meiner dei har sett tussar, nissar og meire til. Når nokon seier til dei at det kan hende berre var ei rot eller eit krokut tre, vil dei ikkje høyre snakk om slike bortforklaringar.


- Det finst meir der ute, berre ein har auga for det, seier dei.


Tussmørk oppleving

Boka «Attende til røtene - Skrivne stubbar og teikna rotfantar frå Telemark» peikar på noko grunnleggjande: Rotveltar, eller rotfantar og treskallar, om du vil, er utvilsamt opphavet til mang ei sterk tussmørke-oppleving.




Comments


bottom of page