Søk

Namngjetne kvinner med røter i nordvest

Oppdatert: 1. des. 2021

Utvandring til Amerika var ikkje like vellukka for alle, men «The Land of Opportunity» blei ei gullgruve for søstrene Camilla og Virginia Wicks.


Virginia dreiv stort som agent for mange kjende jazzmusikarar. Camilla vart stjernefiolinist og professor med suksessrike konsertar og lange turnéar i fleire land, også Norge.



Erfarne skribentar

Boka «Virginia og Camilla Wicks» gis ut på Kolofon Forlag av to erfarne pressefolk: Agnar Gjendem, født i 1950 i Nord-Aukra har vore journalist i Romsdals Budstikke frå 1972 til 2017. Han har elles vore prosjektmedarbeidar for Norges Håndballforbund Region Midt-Norge i sju år og trener på høgt nasjonalt nivå i friidrett og handball.


Gjendem er tildelt Det Kgl. Selskap for Norges vels Medalje for lang og tro teneste i 2002 og Norges Friidrettsforbunds erkjentlighetsbevis i 1978.


Odd Reidar Solem, født i 1949 i Aukra, har 40 år bak seg i presseverda. Han har hatt ulike redaksjonelle stillingar i lokalaviser i Molde, NRK Dagsnytt og NRK Finnmark. I åra 1993 til 2014 arbeidde han som reporter og avdelingsleiar i TV 2 Nyhetene og som programleiar i TV 2 Nyhetskanalen.


Solem er tildelt Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar.

Eit eventyr

Boka om søstrene Wicks er også ei familiehistorie og ei forteljing om utvandring. I 1910 braut det unge fiolintalentet Ingvald Kristian Eriksen Varhaugvik opp frå heimplassen på øya Gossen i Ytre Romsdal. Han reiste til Amerika, vart populær musikar, pedagog og komponist og endra namnet sitt til Ingwald Wicks. Med kona Ruby, også ho dyktig musikar, fekk han døtrene Virginia og Camilla.


Boka følgjer familien gjennom oppturar og nedturar.


Faren var stolt av alt døtrene fekk til. I 1953 skriv Ingwald til Virginia:


«Eg fattar ikkje kva eg har gjort som gjer meg fortent til to så dyktige døtrer som deg og Camilla. Lite visste eg då eg kom til dette landet som ein fattig, ung emigrant at eg skulle møte og gifte meg med ei slik vakker kvinne som mor di - og på toppen av det heile bli velsigna med to så ekstraordinært flotte døtrer. Gud har vore meir enn god mot meg.»