Du har heilt sikkert sett han i debattar på TV. Rogalendingen Hallgeir H. Langeland sat på Stortinget for Sosialistisk Venstreparti i 16 år, fram til 2013. Han har levd heile det politiske livet sitt i opposisjon til makta – samtidig som han har vore ein del av ho, og jobba innafor systemet for å få til endringar han har trudd på. Sjølvbiografien “Furet, værbitt” på Kolofon forlag gir nytt innblikk i norsk politisk historie over fire stortingsperiodar, sett gjennom auga til «hippien frå Håbakk»; mannen, opprøraren og politikaren.
Det er ei bok om hemmelegheiter, røvarhistorier, kranglar, sigrar og tap, blant anna frå dei to samanhengande periodane då SV sat i regjering for fyrste gong. “I biografien viser Langeland hva det koster å stå for sine prinsipper,” skriv Bjørn G. Sæbø, tidligere sjefredaktør i Rogalands Avis.
Me fekk eit raskt intervju med Hallgeir i samband med boklanseringa.
- Beskriv essensen av «Furet, værbitt» på noen korte setninger!
“Eg vil du skal lesa ho fordi eg vil gi håp til ideen om å aldri gi opp. Ikkje gi opp engasjementet for det ein trur på. Aldri gi opp trua på demokratiet. På ideala. På at forandring er mogleg. På at det umoglege er mogleg. Ja, visst er det store ord: Demokrati, forandring, engasjement, ideal. Skal ein fyrst tru på noko, så må det vera stort.”
- Hva var utslagsgivende for at du endelig tok pennen fatt og skrev bok nå?
“Mange har mast på meg i årevis, men då eg spurte om min tidlegare rådgjevar på tinget og han ville vera med og han sa ja, så var det bare å sette i gang.”
- Politikermemoarer inneholder ofte avsløringer det fort blir presseoppslag av. Du var dessuten ikke kjent for å gå stille i dørene på Stortinget. Kan du hinte om noe sprengstoff fra din bok…?
“Ja, det er historier få har høyrt om ja, og det kan vera at nokre blir "sjokkert " …”
- Coveret på «Furet, værbitt» er tøft. Hva betyr selve bokforsiden for deg som forfatter?
“Eg hadde tenkt at boka skulle heite "16 år bak murane", men då fotografen kom med dette bilete skifta eg meininga. Det måtte bli Furet, værbitt.”
- Kommer vi til å se mer av Hallgeir Langeland, enten som forfatter eller politiker?
“Ja, som natur, miljø og klimaaktivivist. Eg er styreleiar i Naturvernforbundet i Rogaland på tiande året.”
Boka til Hallgeir sikrar du deg leikande lett ved å klikke på knappen under og handle, så kjem den fraktfritt levert rett i postkassa.
The main thoroughfare is adorned phrazle with independent stores, coffee shops, and restaurants teeming with patrons throughout the winter season.
I truly admire the author's talent and ideals, which motivated him to write this valuable book. bitlife online