top of page
Søk

– Jesus var nok ikkje Guds son og heller ikkje kristen

Ei bokbombe kjem ut i dag. Teologar og andre kristne vil rope høgt. Kanskje kjem også nokre til å snu seg i grava.


ORDKØYVAR. Om ikkje på fanteri, så i alle fall kreativt. I sin nye roman har den uredde forfattaren og språkhøvdingen Sylfest Lomheim (76) funne opp vågale og vakre ord om kjærleik mellom vinrankane, nattestid. (Foto: Kolofon Forlag)


– Det får ikkje hjelpe. Det som er heilt sikkert er at han har levd, slik Olav den heilage òg har, og at Jesus var rabbi og radikal jøde, seier bibelkjennar, språkhøvding, professor og forfattar Sylfest Lomheim (76).


Hans første roman, «Andre Samuelsbok», kom ut på Kolofon Forlag i 2019. No har Noregs største forlag for forfattarar som vil gi ut bøkene sine sjølve, lansert enda ein roman frå hans penn: «Menneskesonen.»


Ikkje Guds son

– Han kalla Gud for Far, men var nok ikkje Guds son. Trur eg. Vart krossfest, men døydde ikkje på krossen. Så han sto ikkje opp frå dei døde. Trur eg.


– Det var ikkje småtteri til utsegner?


Sylfest Lomheim ler. Han diktar naturlegvis i romanen, men prøver likevel å halde seg strengt til historiske fakta. Nytestamentet har han vore med på å revidere språkleg, både på nynorsk og bokmål. Så han kjenner evangelia betre enn dei fleste. Ikkje uventa har han halde foredrag for heile bispekollegiet om språklege utfordringar som han opplevde under bibel-revisjonen. Han rosar Det Norske Bibelselskap for si faglege innstilling til å vektleggja nøyaktigheit og kvalitet under heile det lange revisjonsarbeidet.


– Men å sable ned mykje av det mest essensielle, liksom?


– Vel, denne forteljinga om Menneskesonen er ein roman eg hatt i meg lenge. Tittelen, som var den omtalen rabbien valde å nytta ganske systematisk om seg sjølv, valde eg fordi dét ordet vitnar om korleis rabbien såg på seg sjølv. Det er skrive hundrevis av bøker om Jesus, og fleire romanar. Men ingen som denne romanen – så vidt eg kan sjå, etter grundige undersøkingar.


Jesus mimrar

– Kva slags romanfigur møter vi?


– Eg skildrar Jesus, rettare sagt rabbien Jeshua, der han sit på bakketoppen ved Kapernaum og hugsar, minnest, snakkar til seg sjølv. Alt i denne boka er hans eigne ord; altså ein eg-roman. Alt er sett gjennom hans auge, avslører Sylfest Lomheim.


I sitt lange yrkesliv har forfattaren ein karriere bak seg som medarbeidar i NRK Fjernsynet, mellom anna i Sportsrevyen, etter det konsulent med ansvar for rekruttering av nynorskmedarbeidarar og seinare – frå 1980 til 1994 som språkkonsulent for NRK. Han er landskjent for radioprogrammet Språkteigen og TV-serien Typisk norsk. Han har studert engelsk og fransk og har norsk som hovudfag. Norsklektor på universitet i Frankrike har han òg vore, seinare her til lands både høgskulerektor, statssekretær i Barne- og familiedepartementet, professor i norsk og oversetting, direktør i Språkrådet.


– Ein fugl har kvitra; kjem det fleire romanar etter «Menneskesonen?»


– Nei, dette blir min siste roman. Trur eg; har ikkje fleire i meg. Men skrive skal eg nok likevel. Mellom anna har eg lyst til å skrive ei populærfagleg bok om oversetting.


– Som kan brukast til?


– Som hjelp og inspirasjon for folk som skal oversetje skjønnlitteratur, fagbøker, songtekstar, drive med filmteksting, oversetje utanlandsnyheiter i Norsk telegrambyrå (NTB) og mykje anna som skal bli til norsk frå eit framandt språk.


Historia om Sylfest

– Kanskje har ingen journalist spurt om dette før, men kven har konstruert det usedvanleg musikalske namnet Sylfest Lomheim?


No ler han ekstra godt.


– Når du først spør, foreldra mine heime i Hafslo gjekk tomme for bestefedre å kalla opp ungane sine etter. Vi vart fire brør. Dei tre andre heiter Per, Ola og Jon. Eg er oppkalla etter ein av oldefedrane som heitte Sylfest.


– Har namnet vore plagsamt?


– Presten likte det ikkje. Han ville at far min skulle tenkje over det ein ekstra gong. Sylfest er i familie med Sylvester. Fem pavar har hatt namnet, og, du veit, før i tida var prestane mykje meir negative til katolikkar enn dei er no til dags. Den bestefaren min som framleis levde, rådde far min til å halde på namnevalet, ganske bestemt. Så slik vart det.


– Dei første åra tenkte eg på at eg helst skulle heitt Svein eller Steinar eller noko anna fint med førstebokstav på S, for dét ville ha vorte rekna som god nok oppkalling etter Sylfest. Eg misunte to kameratar i klassen min på skulen som heitte Svein og Steinar. Men allereie etter eit år som student på Universitetet i Oslo skjønte eg at namnet mitt var gull verdt. Ingen gløymde Sylfest, når dei først hadde høyrt namnet. Og som du seier, det er musikk i det òg. Rytme. Syl-fest Lom-heim.


– Du er språkhøvding i Noreg. I den førre romanen din fann du opp ordet ordsmonn, for å beskrive jordsmonnet som kjærleiken veks i. Har du laga deg nye ord i «Menneskesonen?»


– Ja, det har eg. Som ung mann tek Jeshua arbeid hos ein vinbonde på Karmel. Der vert han kjærast med ei jente. Og der vil ein moderne lesar finna eit par sterke, ukjende ord for fenomen som er svært så sentrale for oss, også i vår tid, seier Sylfest Lomheim, lett løyndomsfull.


Vi får sjå kva dei forsiktige, tradisjonskristne seier om den saka ... mellom vinrankane, under månen over Karmel.


Se bokbadet med Sylfest på YouTube. Det er bare å klikke på logoen under.



bottom of page