top of page
Søk

Sylfest Lomheim fekk nok og gjekk til Kolofon

– Eg er ordlaus, sa Sylfest Lomheim (75) smilande etter å ha gått til Kolofon.

Han hadde skrive om lag femten bøker, men då forlet han altså sine tradisjonelle forlag.


NORGESMEISTER på fleire vis må Sylfest Lomheim kunne kallast. Også som bunadskledd festtalar. Kvart einaste år sidan 1987 har han halde 17. mai-tale ein eller annan stad i det langstrekte landet vårt. (Foto: Eirik Ulltang Birkeland.)


At den meritterte språkvitaren, professor i norsk og tidlegare direktør for Språkrådet sa at han ikkje hadde ord, er i og for seg ein sensasjon berre det.


Håplause opplevingar

I dette høvet hadde han visst god grunn. Då han i 2019 møtte opp hos Kolofon, ville han publisere si bok nummer seksten, romanen «Andre Samuelsbok.» Han opplevde at forlagsfolka i Kolofon gjorde det han kalla ein perfekt jobb, for hans prosjekt. Etter å ha fått attende talens bruk, som han sa med eit smil, meinte han at han ikkje hadde sett maken.


– Kva var det du vart så begeistra for?


– Folka der arbeider kjapt. Det er kvalitet i alle ledd. Til og med eg, som ikkje burde skrive ein einaste feil, fekk påpeikt 10-20 småpirk i manus av Kolofon sin korrekturlesar. Det imponerte meg. No skriv ikkje eg bøker for å tene pengar, men også det økonomiske er på stell. Du har full kontroll over utgjevingane. Alle rettigheiter og netto salsinntekter er forfattaren sine. Vi som gir ut bøkene våre sjølve via Kolofon Forlag møter berre profesjonell hjelp, seier Sylfest Lomheim. – Kva meir kan ein venta?


– Er det ikkje slik i det vi kallar tradisjonelle forlag?


– Nei. Eg har hatt ikkje så gode opplevingar i så måte. Det var mykje om og men og fram og tilbake, om korleis romanen skulle skrivast og ikkje skrivast, og så vidare. Det bør ikkje finnast faste oppskrifter på korleis ein roman skal vere. Derimot gjeld eín absolutt regel: du skal ikkje skrive noko som du ikkje har lyst til å skrive – eller lese. Og så må romanen vera godt skriven. Altfor mange redaktørar i tradisjonelle forlag er det eg kallar ‘formaterte’. (Men er stundom dårlege i norsk!) Til slutt vart eg så lei dette at eg braut tvert. Det har eg ikkje angra eit sekund på. Så no kjem også min roman nummer to ut hos Kolofon.


– Skal vi lette litt på sløret?


– Eg kan vel love ein aldri så liten åndeleg smell, smellen rokkar ved vår vestlege kultur og historie. Ingen har skrive ei slik forteljing som eg kjem med denne gongen. Romanen heiter ‘Menneskesonen’. Fleire kan kanskje verte både vonbrotne og lei seg. Det er i orden. Resten ... får vi gøyme til romanen vert lansert, seier han.


Utruleg karriere

Det skal noko til å ikkje ha høyrt om Sylfest Lomheim. Etter artium ved Sogndal gymnas gjekk ferda til språkstudium i engelsk, fransk og norsk ved Universitetet i Oslo. Norsk vart hovudfaget. Han har hatt ei lang karriere i NRK, først for Sportsrevyen og som produsent, seinare som konsulent med ansvar for rekruttering av nynorskmedarbeidarar, til slutt språkkonsulent for nynorsk (parallelt med Finn-Erik Vinje, som var for bokmål). Landskjent for radioprogrammet Språkteigen og TV-serien Typisk norsk, ei tid var han norsklektor på universitet i Frankrike, deretter høgskulerektor, statssekretær i Barne- og familiedepartementet, professor, til slutt den første direktøren i Språkrådet. Ein kan verte sveitt av berre å ramse opp det den godaste 75-åringen har fått tid til å stelle med fram til no.


Bibelsk bakteppe

Saman med to andre fekk han for vel tjue år sidan hovudansvaret for å revidere oversettinga av Markus, Lukas og Matteus; arbeidet gjaldt både bokmål og nynorsk. Han kjenner difor evangelia betre enn dei fleste.


Slikt kan det fort bli bakteppe av når han etter sine rundt femten bøker skulle debutere som romanforfattar. «Andre Samuelsbok», som kom ut på Kolofon Forlag i 2019, har såleis historia om kong David og Batseba som ein slags tekstleg bakgrunn.


– Andre Samuelsbok i Det gamle testamentet handlar blant anna om at David ordnar det slik at offiseren hans, Urias, vert drepen i kamp. David ville nemleg ha kona hans, Batseba. Den historia er i mangt ein parallell til psykiater Samuel Ølnes sitt liv i Oslo.


– Korleis vart romanen slik?


– Eg vart utfordra til å skrive ein krim, og dét vart det jo, på sett og vis, litt. Men den sjangeren skildrar ikkje sjølve livet, om du skjønar. Konstruksjonen i krimbøker er slik at bitane i plottet fell på plass til slutt. Alt går opp. Men eg ville skrive om livet. Og livet, det går ikkje opp.


– Korleis kan ein romanfigur av i dag ha parallellar til gamaltestamentlege forteljingar?


– Fordi alle som kjenner mennesket, veit at me har forandra oss lite på ti tusen år. Romanen min fortel om livet til psykiateren gjennom året 2013. Han forelskar seg i ei jødisk kvinne, som inntil nyleg hadde vore saman med ein av pasientane hans. Psykiater Samuel medisinerer denne mannen såpass kraftig at vedkommande vasar seg ut i isvatnet i Sognsvann og druknar. Spørsmålet blir: Har han drepe mannen eller ikkje? Kong David i Bibelen vart òg forelska. I Batseba, kona til Urias. David betrakta henne ein kveld i Jerusalem då ho bada naken. Seinare sørgde han for at Urias fall. Plassert på ein post der han var sjanselaus. Derav omgrepet uriaspost. Men – David, han drap jo ikkje. Eller?


Vondskapen i oss

– Eit kjernespørsmål i teksten er at det kan gå gale, også for menneske som berre vil godt. Difor følgjer den vesle vondskapen oss i livet, og stundom må vi også tole den store vondskapen. At den òg når i oss. Kva meiner du med det?


– Psykiater Samuel og ein kamerat reiser på langhelg til Krakow. Dei vitjar Auschwitz. Samuel vil helst ikkje, men vert likevel med – for å vere høfleg mot det polske vertskapet – og må dermed sjå på nært hald kva menneske kan få seg til å organisera og gjera av vondskap. Vanlege menneske. Som oss, tenkjer Samuel. Som psykiater må han innsjå at slik vondskap truleg kan bu latent i oss. Ja ... Og gitt visse situasjonar og tankeverder gjer vondskapen oss i stand til å stå bak ufattelege handlingar. Det er skræmande.


– Vi får vona det finst kjærleik òg?


– Ja, heldigvis. Uendeleg. Kjærleikens ord er jordsmonnet som kjærleiken veks i, seier og skriv Sylfest Lomheim, som i den samanheng har funne opp eit himmelstort ord om akkurat det: Ordsmonn.



bottom of page